Emirar, kronprinsar og plagsom slekt i Qatar

Emirar, kronprinsar og plagsom slekt i Qatar

Eit kort historisk tilbakeblikk på emirbyte i Qatar.

I Qatar har tronbyte i hovudsak føregått ved at den regjerande emiren har abdisert, anten friviljug eller ved tvang gjennom palasskupp. I alle tilfelle sidan det regjerande Al Thani-dynastiet etablerte seg på Qatar på midten av 1800-talet, har den sittande og utpeikte etterfølgjaren til emiren, kronprinsen, tatt over som herskar. Qatar har historisk sett mangla ein stor og betydningsfull opposisjon til Al Thani-slekta, og for den regjerande monarken har dei største trugsmåla for maktposisjonen kome frå ulike delar innad i familien. I ein stat der emiren tilsynelatande har absolutt makt er det interessant å sjå korleis maktskifte har føregått opp gjennom åra.


Les om kongebyte i Saudi-Arabia:
«
Kongen er daud! Leve brorsan!»


Kronprinsproblemet

Oversikt over Al Thani-emirane av Qatar med utnemnde kronprinsar.

På den arabiske halvøya har ein tradisjonelt sett ikkje praktisert primogenitur, slik tradisjonen har vore i Europa, der arverekkefølgja (suksesjon) er fastsett og følgjer klåre og tydelege reglar. Det er ein eigen automatikk der eldste son eller dotter arvar som regel trona etter den regjerande monarken. Er arvingen for ung blir det utnemnd ein regent som styrer fram til arvingen er myndig. Fordelen er at det er føreseieleg, og ein veit kven ein etterfølgjar er i god tid og kven som er nestemann på lista. 

For emirane i Persiabukta har det derimot vore den som familien eller stammen har sett på som best eigna til å styre, som har tatt over. Dette kan vere ein son, bror, halvbror, fetter, eller ein fjernare slektning. Medan ein i Europa har lange og kompliserte tronarvingslister, har det ofte berre vore utpeikt éin potensiell etterfølgjar til emiren. Kven dette skulle vere har difor vore gjenstand for mykje intern familiestrid og fleire arvekriser. Makta er ofte noko ein har tatt, ikkje noko ein får. For den regjerande emiren har ein difor det ein kallar kronprinsproblemet, som kort oppsummert er risikoen ein herskar tar i å førebu ein utpeikt etterfølgjar som samstundes ynskjer å ta over og kuppe makta. For å minske denne risikoen har monarkar ofte utpeikt sønene sine som etterfølgjarar framfor andre, men dette er ikkje risikofritt. Noko som har prega heile Qatar si historie er nettoppinterne familiestrider om kva forgreiningar av den etter kvart enorme Al Thani-slekta som skal ta over som emir og kronprins.

Qatar, Al Khalifa og Al Thani

Seinare økonomiprofessor Anton Mohr skildrar Qatar for eit norsk publikum medan han var stipendiat i politisk geografi ved Universitetet i Oslo (1926–31). Henta frå Den Persiske bukt: en politisk-geografisk studie (1929). 

Qatar og Bahrain i 1995. Då var framleis ikkje disputten om Hawar-øyane eller grensa mot Saudi-Arabia løyst. (Kart: Library of Congress)

Qatar var ei gold og nærmast folketom halvøy til langt opp på 1950-talet, som fram til då hadde hovudsakleg basert seg på perlefiske og -handel. På 1700-talet kom Al Khalifa-slekta til Qatar før dei erobra dei rikare og meir fruktbare Bahrain-øyane i vest og etablerte dynastiet som styrer der i dag. Dei heldt kontrollen på delar av vestkysten av Qatar og då Al Thani-slekta vaks fram som ein maktfaktor på 1850-talet, førte det med seg ein langvarig konflikt med Bahrain.

Far og son

Al Thani er eit rimeleg nytt dynasti dersom ein samanliknar det med andre i regionen. Dei vaks fram midt på 1800-talet og styrka makta si med ein god porsjon hjelp frå Storbritannia. Sjølv feirar Qatar Qasim (Jassim) bin Muhammad Al Thani (r. 1878–1913) som grunnleggar, men ein kjem ikkje bort frå at faren Muhammad bin Thani (r. c.1860–1878) hadde mykje å seie for den seinare staten. Muhammad erobra og sameina tre landsbyar (seinare Doha) på austsida av Qatar i løpet av 1850- og 1860-talet, noko som fører til væpna konflikt med Bahrain i 1867. Storbritannia, som var ei stormakt i Persiabukta på denne tida, ynskte stabilitet og fred og inngjekk difor ein avtale med Muhammad i 1868

Al-Biddah (seinare Doha) sett frå kysten i 1823. (Qatar Digital Library)

Avtalen etablerte Qatar som ei meir sjølvstendig politisk eining og anerkjente Muhammad som herskar over halvøya og stammane der. Den sosiale dynamikken var endra som følgje av avtalen. Før 1868 var det ingen kjend tradisjon for monarki eller dynastisk arverekkefølgje på Qatar og ein stammeleiar og emir baserte makta si på støtte frå familien og stammen gjennom m.a. truskapseidar (bay’ah) og avtalar. Med avtalen kunne ein emir anerkjend av Storbritannia støtte seg til britisk sjømakt i tillegg. 

Muhammad vart blitt gamal i 1870-åra og sonen Qasim, som var utpeikt som etterfølgjar, byrja gradvis ta over styringa. Det osmanske riket, som då hadde sakte hadde utvida makta og innverkanden sin nedover gulfkysten, utnytta ei spenning i forholdet mellom far og son. Dei utnemnde Qasim til regional guvernør (Qaim Maqam), medan faren prøvde halde seg på godfot med britane. 

Merknad: Litteraturen sprikar korvidt Qasim vart emir i 1876 eller 1878 ved at Muhammad abdiserte (1876) eller døydde (1878).

Sjølv om Qasim gradvis hadde tatt over oppgåvene til faren, sat han ikkje trygt som emir då faren døydde i 1878. For å grunnfeste autoriteten sin utnytta han konflikta med Bahrain og erobra nordsida av Qatar (Zubara) for å sikre lojaliteten til dei som hadde vore allierte med faren. Då osmanarane prøvde å få meir direkte kontroll over halvøya i 1892, motsette Qasim seg vellukka med makt og klarte å sikre Qatar eit tydelegare sjølvstende. 

Ny kronprins og plagsom slekt (1905–1948)

Qasim hadde på eit punkt utnemnd den yngre broren Ahmad bin Muhammad Al Thani som etterfølgjaren, men då Ahmad vart drepen i 1905 måtte ein utpeike ein ny etterfølgjar. Ein britisk rapport frå desember same år skildrar delar av denne prosessen, og jobben som kronprins var ikkje nødvendigvis populær. 

Britisk rapport frå 23. desember 1905 om utveljing av ny kronprins. (IOR/R/15/2/26)

Ifølgje rapporten skal Ali, den eldste sonen til Ahmad, ha sagt seg viljug, men både Qasim og resten av slekta meinte han var for ung. Den eldste sonen til Qasim, Khalifa, avslo tilbodet om vervet fordi fleire meinte han var medskuldig i drapet på onkelen. Ein annan son av Qasim, Abd al-Rahman avslo fordi han ville halde fram som guvernør for al-Wakra, ein liten fiske- og perlelandsby sør for Doha. Abdallah, endå ein son av Qasim, avslo fordi han ville halde fram med perlehandel.

Eitt av fleire  flagg brukt av Qatar på 1930-talet. (IOR/R/15/2/1694)

Eitt av fleire  flagg brukt av Qatar på 1930-talet. (IOR/R/15/2/1694)

Abdallah bin Qasim Al Thani (r. 1913–1949) vart til slutt, svært nølande, overtalt til å bli kronprins og guvernør av Doha i 1905. Faren førebudde han på vervet som emir, men Abdallah møtte mykje motbør frå både dei andre brørne sine (han hadde minst tolv) og sønene til den drepne Ahmad. Qasim klarte likevel å halde ein viss kontroll over denne rivaliseringa fram til dess han døydde av sjukdom i juli 1913. Abdallah tok over som emir, men sat på ingen måte trygt. Kravet hans på trona var rimeleg svakt og fleire av brørne og fetterane hans utfordra kravet og nekta sverje truskap – bay’ah – til han. Nokre av dei søkte støtte hjå den ambisiøse og erobringsglade naboen Abd al-Aziz «Ibn Saud» Al Saud, som nyleg hadde erobra kysten som grensa til Qatar. Sjølv om Abdallah formelt styrte heile Qatar, strekte ikkje styresmakta hans seg lenger enn til litt utanfor Doha, noko som ikkje kom til å endre seg før ein fann olje. Broren Abd al-Rahman, styrte til dømes al-Wakra i sør rimeleg sjølvstendig.

Merknad: Ifølgje engelsk Wikipedia skal ein yngre son av Qasim, Muhammad bin Qasim (f. 1881, d. 1971), visstnok ha fungert som de facto emir i ti månadar før eller etter Abdallah tok over embetet. Denne Muhammad skal òg ha fått so mange som 27 barn. Det er derimot vanskeleg å finne faglitteratur som i heile tatt nemner Muhammad og hans vesle styre frå juli 1913 til ein gong i 1914. Jill Crystal nemner svært kort i ein artikkel at Muhammad skal ha vore den de facto herskaren av Qatar fleire gongar under Abdallah sitt styre. Nokre lister over emirar i Qatar nemner han, andre ikkje.

I løpet av Abdallah si regjeringstid fekk ein eit tydlegare skilje innad i Al Thani-familien, mellom Abdallah og sønene hans på eine sida og nokre av Abdallah sine brør og fettarar (sønene til Ahmad) på den andre sida. Al Thani-slekta byrja bli stor og uregjerleg, og dei fekk mange barn. Muhammad skal ha fått åtte barn, skal Qasim ha fått 19 og Ahmad kan ha fått opp mot 15 søner. Abdallah fekk derimot visstnok berre tre søner. I tillegg til intern familiestrid var det tre andre faktorar som kom til å definere styret hans: ein ny verdsorden etter første verdskrig, ein kollaps i perleøkonomien og funn av olje.

Traktat med Storbritannia

Handteikna kart frå 25. juni 1934 over Qatar. Merk den raude lina i sør som viser kvar Storbritannia er viljuge til å tilby vern. (IOR/L/PS/12/1956)

Med ei opprørsk slekt og ein ambisiøs nabo, vendte Abdallah seg noko nølande mot ein gamal kjenning, Storbritannia, som han inngjekk ein traktat med i 1916. Traktaten gjorde Qatar til eit britisk protektorat og anerkjende Abdallah som sjølvstendig herskar over Qatar, men den gjorde elles lite for å styrke posisjonen hans internt. Brødrene og fetterane hans var uttalte motstandarar av traktaten, som plasserte Qatar som sistemann inn i det britiske traktatsystemet i Gulfen, der sjeikdømma i Persiabukta vart britiske protektorat. Traktaten avtalte eit rammeverk for britisk innverknad i Qatar, som i starten var rimeleg avgrensa. Takka vere traktaten med britane, og årlege betalingar til Ibn Saud, klarte Abdallah å halde seg ved makta. Sjølv om han sat tryggare etter oljekonsesjonsutdelingane i 1935, eksisterte dei interene familiestridigheitene framleis. 

Doha sett frå lufta i mai 1934. (IOR/L/PS/12/1956)

Doha, mai 1934. (IOR/L/PS/12/1956)

Helse-spekulasjonar om  sjeik Hamad. (IOR/R/15/2/609)

Abdallah såg helst at ein av sønene hans skulle ta over som emir, og utpeikte sonen Hamad som etterfølgjar. Han prøvde i mange år å få eit skeptisk Storbritannia til å anerkjenne han som kronprins, noko dei gjorde i 1935 mot at Hamad støtta 1916-traktaten. Hamad vart førebudd på statsstyring av faren og fekk gradvis meir og meir ansvar. So tidleg som i 1944 skal Hamad sjølv ha brukt seglet til faren, og fungerte i stor grad som regent. Hamad sleit derimot med mykje sjukdom og faren måtte tidvis ta over statstyringa att. Då Hamad døydde i mai 1948, måtte det utpeikast ein ny kronprins. Løysinga ein kom fram til i juni 1948 fekk mykje å seie for seinare skifte av emirar i Qatar. 

Arvekrise og oljeinntekter (1948–1972)

Hamad sin død utløyste ei lita arvekrise i 1948 med konsekvensar fleire tiår fram i tid. Det stod mellom to kandidatar til å etterfølgje emiren: Khalifa (f. 1932), tenåringssonen til Hamad, og Ali (f. 1895), eldstesonen til Abdallah. Qatar hadde ikkje noko solid tradisjon for arverekkefølgje, korkje for primogenitur eller for regentskap, der nokon styrer på vegne av ein mindreårig arving. Abdallah enda difor opp med eit slags kompromiss. Khalifa var føretrekt, men sett på som for ung, so valet enda på Ali bin Abdallah Al Thani (r. 1949–1960). Han var eit tydleg andreval og etter eit krav frå Hamad-sida av slekta måtte Ali skrive under på eit brev om at Khalifa skulle etterfølgje han.

Britisk vurdering av Ali, og ryktene om Khalifa som etterfølgjar og problem det kan føre til. (IOR/R/15/2/609)

Britisk kunnskap om familietreet til Al Thani-familien frå 1948. Stjerne (*) tyder at vedkommande er død, noko som ikkje alltid stemmer (Ahmad, son til Ali, er til dømes i live, og blir seinare emir i 1960).  (IOR/R/15/2/609)

Rapport om oljefunn i Qatar, 11. oktober 1939. (IOR/R/15/2/418)

Familieopposisjonen mot Ali var sterk, og Abdallah måtte vende seg til Storbritannia for å få gjennom ordninga med Ali som etterfølgjar. Olje vart funne i Qatar i 1939, og etter ein byrja eksportere det i 1946 aukte oljeinntektene, noko som førte til at delar av Al Thani-slekta krevde høgare tildelingar av det dei såg på som eit slags felleseige. Abdallah sette seg først mot dette, men måtte auke familietildelingane då det gjekk rykte om opprør- og kupplanar.

Britisk korrespondanse om arvekrisa i 1948. (IOR/R/15/2/609)

Abdallah og Ali stod difor svakt i 1949 då dei vendte seg difor mot Storbritannia. Britane støtta Ali sitt kandidatur, men tvang gjennom at Ali skulle anerkjenne 1916-traktaten og gjennomføre dei delane av traktaten som faren hadde forsømt (avskaffing av slaveri og britisk rådgjevarar i Doha). Prisen dei betalte var auka britisk økonomisk og politisk kontroll. I august 1949 abdiserte Abdallah og britane sendte ned nokre krigskip og ei lita styrke for å ta del i overtakingsseremonien. Abdallah tok rett nok med seg store delar oljerikdomen og lot det vere lite att til Ali, som var tvungen til å låne pengar frå handelsstanden for å betale statsutgifter. Dei nye britiske rådgjevarane hjalp Ali med dei kranglevorne slektningane sine. I 1957, same år som faren døydde, utnemnde Ali sonen sin Ahmad som kronprins og braut dimed avtalen frå 1948 om at Khalifa skulle etterfølge han. 

Oljeinntektene førte til ei auka politisering av den rimeleg store Al Thani-familien, der ulike delar krevde større og større delar av oljeinntektene. I starten var det noko uorganisert, men alliansar byrja forme seg i løpet av 1950-talet, noko som Ali då måtte hanskast med. Styremakta til den styrande familien, og medlemsskapet i den, formaliserte seg i denne perioden. Det var ikkje nokon enkel prosess, og det vart sådd ein del misnøye i familien. 

[T]he Ruler is afraid of his family and will always, I suppose, yield if they make enough noise. The family say: ‘How can you spend money on roads and hospitals and such like nonsense when we haven’t even got a decent Cadillac to ride in’.
— Britisk UD (1952)

Det politiske fokuset i Qatar har, i mangel på ein reell opposisjon, vore på dynastiske intriger og rivalisering innad i Al Thani-familien. Familien er ein av dei største styrande familiane i regionen og sannsynlegvis den største i høve til befolkninga. Eit behov for betre omfordeling av rikdom kom etter kvart som både familien og oljeinntektene vaks, og i løpet av 1950-talet utvikla det seg tre mekanismar for fordeling av rikdom i familien:

  1. Direkte utbetalingar

  2. Stillingar i statsbyråkratiet (britisk påfunn)

  3. Landeigedom (kraftig auke i eigedomsprisar)

Trass i desse mekanismane, haldt familiekrangelen fram. Byta av emirar i 1949, 1960 og 1972, i tillegg til kronprinsane som vart utpeikt, var alle omstridte. Ali stod rimeleg åleine i familiestrida, dratt mellom Storbritannia og krav frå ulike familie-fraksjonar (Ahmad-fraksjonen frå 1913, og Hamad-fraksjonen frå 1949). Det var lite hjelp å få frå faren, som hadde stukke av med store delar av statskassen, og Ali måtte ta opp mykje gjeld for å betale slekta. Han var nippet til å abdisere i 1956, og var i aukande grad klar til å overlate det meste til sonen Ahmad. So lenge oljeinntektene auka, klarte Ali likevel å halde stand.

Etter kompromisset i 1949 prøvde Khalifa å undergrave fetteren og kronprinsen Ahmad på ulikt vis. På 1950-talet brukte Khalifa tida si på å kjempe for arbeiderrettar (streikar var vanlege i perioden) og stod for ein mild form for arabiske nasjonalisme. Han vart likevel snytt for trona då fetteren Ahmad vart utnemnd som kronprins i 1957.

Oljeinntekten stoppa opp og fall i 1959, og misnøyen auka nok til at ein bror av Khalifa (Nasir bin Hamad) forsøkte myrde Ali i Beirut i 1960 (Nasir etterlét fem kuler i bilen hans). Ali gav då opp i oktober 1960 og abdiserte til fordel for sonen Ahmad bin Ali Al Thani (r. 1960–1972), medan Khalifa vart utnemnd til kronprins og vise-emir. Ali døydde seinare i Beirut i 1974. 

Ahmad hadde vore førbudd av faren til å styre, og hadde fungert som regent til tider, men han mista fort apetitten for politikk, spesielt etter ei politisk krise i 1963. Han byrja feriere meir og meir i utlandet, og overlét meir av statsadministrasjonen til kronprins Khalifa, som etter kvart vart den faktiske herskaren av Qatar. Høvet til formelt å bli herskar fann stad då Storbritannia i 1968 erklærte at dei kom til å trekke seg ut av Persiabukta innan utgangen av 1971. Medan Ahmad meinte at Qatar burde slå seg saman med dei andre sjeikdømma i regionen og danne Dei sameinte arabiske emirata, meinte Khalifa at ein skulle satse på sjølvstende. Usemja vart tydleg nok til at Khalifa erklærte Qatar sjølvstendig i september 1971 (to veker etter Bahrain). Ahmad var i Sveits og kom ikkje ein gong att for å feire sjølvstendet. Den 22. februar 1972, under ein jakttur til Iran, fekk Ahmad vite at Khalifa hadde avsatt han. 

Emir Khalifa og familieoppgjer (1972–1995)

Palasskuppet til Khalifa bin Hamad Al Thani (r. 1972–1995) hadde støtte frå Al Thani-familien, Saudi-Arabia og Storbritannia. Britane hadde tidlegare skildra Ahmad som «a singularly useless individual». Den direkte utløysande grunnen til kuppet skal ha vore at Ahmad prøvde å utnemne sonen Abd al-Aziz til kronprins. 

I 1972 gjekk det meste av statsinntekter til Al Thani-familien framfor resten av samfunnet i Qatar, og etter kuppet konfronterte Khalifa resten av familien framfor å imøtekomme krava deira om meir pengar. Khalifa fokuserte statsutgiftene over på statsutvikling og meir folkeleg støtte. Han brukte mykje pengar på utdanning, helsevesen og andre program til nytte for den øvrige befolkninga.

Khalifa omorganiserte statsapparatet og fjerna det meste av familien til fetter Ahmad og erstatta det med sin eigen. Han sette sønene sine inn som finans- og oljeminister, sjef og nestsjef for hæren. Ein bror vart innanriksminister og ein nevø vart politisjef. I 1977 var han trygg nok til å utnemne sonen sin Hamad (f. 1952) som kronprins og som forsvarsminister. Hamad var utdanna ved den britiske krigsskulen Sandhurst, som so mange andre kongelege i regionen.

Familiefeidane var ikkje heilt slutt, og det var motstand mot denne utnemninga, då spesielt frå slekta til avsatte Ahmad, som døydde i 1977. Det var elles ulike rykte om forskjellige familieavtalar om kven som skulle arve trona, mellom anna eit om at emirvervet skulle ambulere mellom etterkommarane av Ali og Hamad, men ingen av desse resulterte i ei institusjonalisering av arverekkefølgja. Khalifa møtte òg motstand frå eine bror sin, Suhaym, som meinte han hadde vorte lova vervet som kronprins, eit krav som ikkje forsvann før han døydde i 1985.   

Hamad bin Khalifa, r. 1995–2013. (Foto: Wikipedia)

Hamad bin Khalifa, r. 1995–2013. (Foto: Wikipedia)

Mot slutten på 1980-talet byrja Hamad bli lei av faren sin konservativisme. Han byrja sakte å fjerne faren sine støttespelarar, gjennom to omrokkeringar av regjeringa, først i 1989 og seinare i 1992, då han fekk fjerna halvbroren, og ein potensiell rival til trona, Abd al-Aziz bin Khalifa (f. 1948) som finansminister og sendte han i eksil. Abd al-Aziz skal ha visstnok ha vore førstevalet til Khalifa som etterfølgjar, ikkje Hamad. Då faren Kahlifa forsøkte å få Abd al-Aziz attende frå eksil, tok Hamad bin Khalifa Al Thani (r. 1995–2013) grep og gjennomførte eit palasskupp i juni 1995 medan faren var i Sveits. Han fekk støtte frå yngre medlemer av Al Thani-klanen og USA ved å erklære at han ville styre Qatar i ei meir liberal retning. Sjølv om fleire nøla, fekk han fleire av sjeikane i familien til å sverje truskap (bay’ah) til han innan få dagar. Hamad sitt styre førte med seg saktegåande demokratiseringsreformer og ei større liberalisering av det sosiale livet i Qatar.

Familietreet etter Khalifa bin Hamad. (kjelde)

Rett etter kuppet utnemnde han sonen Mish’al bin Hamad (f. 1972) som etterfølgjer, men ombestemte seg året etter og utnemnde sonen Qasim bin Hamad (f. 1978) som kronprins. Qasim var den tredje sonen hans, men den første han fekk saman med favorittkona Mozah bint Nasser Al Misnad. Dei neste åra endra interne alliansar seg i familien og i 2003 trakk Qasim seg som kronprins og Hamad utnemnde son nummer fire, Tamim bin Hamad Al Thani (f. 1980), til etterfølgjar og vise-emir. Tamim er òg son til Mozah og vart, som faren og broren, utdanna ved Sandhurst.

Naboklager

Kuppet til Hamad påverka forholdet mellom Qatar og nabostatane i stor grad til det verre. Hamad vart sett på som ein kunne true interessene deira og dei haldt fram med å støtte Khalifa i mange år etter kuppet. Hamad var heller ingen stor tilhengar av naboane sine, og hadde som kronprins støtta ein utanrikspolitikk som gjekk mot resten av gulfstatane. Ein tidlegare diplomat meinte at «Hamad dislikes the Emiratis and the Bahrainis, but completely loathes the Saudis».

Forholdet mellom Qatar og nabostatane har sjeldan vore det beste. Emiratane tillét i starten mellom anna Khalifa å ha ei skuggeregjering der etter kuppet og både Bahrain og Emiratane støtta ulike forsøk å gjeninnsette han som emir. Qatar og den tradisjonelle erkefienden Bahrain fekk heller ikkje fullstendige diplomatiske relasjonar før i 1999 og i 2001 var ei over 100 år lang konflikt om territorium løyst i Den internasjonale domstolen. (Planane om ei vennskapsbru kjem nok til å bli utsett på ny med tanke på den pågåande diplomatikrisa i juni 2017).

Etter han tok makta var det fleire reelle og påståtte forsøk på motkupp frå faren sine støttespelarar. Det mest seriøse var i 1996, og det skal ha vore eit i 2005 og kanskje eit i 2009. Dei to første hadde interne opphav, men Qatar har av ulike grunnar lagt mykje av skulda på innblanding frå Saudi-Arabia. Forholdet med naboen Saudi-Arabia har alltid vore problematisk, noko som ikkje vart betre av saudisk støtte til kuppforsøka.

Hamad forsterka den tradisjonelle utanrikspolitikken til Qatar, som har vore å sikre at Qatar ikkje blir for avhengig og dominert av naboane sine, og då spesielt stormakta Saudi-Arabia. Han søkte difor søkte sterkare alliansar med eksterne makter som USA for å erstatte rolla britane hadde hatt tidlegare. I 2003 etablerte amerikanarane ein enorm militærbase på halvøya etter mykje førebuing frå Qatar sjølv.

Qatar under Hamad har òg lagt mykje vekt på ei rolle som ein mellommann og forhandlar i ei imponerande rekke konflikter. Ein annan strategi som falt i spesielt dårleg jord hjå naboane var opprettinga av den kritiske satelittfjernsynskanalen Al-Jazeera i 1996, som sendte, og sender, kritiske reportasjar om nabolanda. Gjennom støtte til media skaffa Qatar seg mykje «mjuk makt» gjennom regional påverknad, noko som førte med seg ein medieoppblomstring og konkurranse mellom statane om innverknad i regionen. 

Ny grunnlov og pseudo-primogenitur

I juni 2005 kom det på plass ei ny grunnlov etter fleire år med førebuingar, utsettingar og ei folkerøysting. Emiren haldt likevel fram som ein absolutt og eineveldig monark, institusjonelt, økonomisk og juridisk. Med grunnlova forsøkte Hamad å etablere nokre mekanismar for å utpeike ein etterfølgjar og sikre at denne hamna på trona. Qatar har hatt få klåre retningsliner for suksesjon og det har aldri vore garantert at sonen skal arve faren. Grunnlova braut med tradisjonell praksis og la meir makt hjå emiren sjølv enn den større familien, og den oppretta det som er vorte kalla eit pseudo-primogenitur.

Ifølgje den noverande grunnlova (§8) er Qatar eit arvestyre tilhøyrande Al Thani-slekta, men no er det berre mannlege etterkommarar av Hamad som kan arve trona. Emiren sjølv utpeiker kven av sønene som skal etterfølgje han. Dersom han ikkje får søner, har emiren rett til å peike ut nokon andre i familien, men, i motsetnad til mange europeiske monarki, har mangel på søner svært sjeldan vore eit problem for arabiske leiarar (snarare omvendt). Før emiren utpeiker etterfølgjaren sin, skal han ifølgje §9, rådføre seg med familierådet og parlamentet (Ahl al-Hall wa al-Aqd). Det står derimot ikkje at han må følgje råda deira. 

Hamad stod dimed i ein mykje betre posisjon til å velje etterfølgjaren sin enn nokon tidlegare qatarisk emir. I juni 2013 overraska han mange då han erklærte på fjernsyn at han kom til å abdisere og overlate trona til sonen og kronprins Tamim bin Hamad Al Thani (r. 2013–).  Helsa til Hamad skal ikkje ha vore den beste, og trass i at det har vore fleire sjukehusbesøk, blir det framleis spekulert om emirfaren framleis styrer mykje i kulissane. Tamim har nemleg i stor grad haldt fram politikken til faren, noko som ikkje har vore populært hjå nabostatane. (Siste utslaget av dette er den pågåande Qatar-krisa som byrja i juni 2017).

Noverande emir, Tamim bin Hamad. (Foto: Wikipedia)

Noverande emir, Tamim bin Hamad. (Foto: Wikipedia)

Merknad: Førstekona til Tamim, Jawahir bint Hamad bint Suhaym Al Thani, er barnebarnet til Suhaym, broren til Kahlifa, som fungerte som ein rival til trona fram til han døydde av hjarteinfarkt i 1985. Tamim og Jawahir er tremeiningar, der Hamad (d. 1948) er felles oldefar.

Det har førebels ikkje vorte utnemnd ein ny etterfølgjar/kronprins i Qatar, sannsynlegvis fordi alle borna til Tamim er fødde etter 2006 og ingen av dei er myndige (til no har han ni born med tre koner). Abdallah bin Hamad Al Thani (f. 1988), den yngre halvbroren til Tamim vart derimot utnemnd til Vise-emir i november 2014, men ikkje etterfølgjar. 

Sjølv om det no er nye avgrensingar og klårare prosedyrer for byte av emir i Qatar, betyr ikkje det at makta til resten av Al Thani-familien er fråverande. Tamim tok rimeleg smertefritt over i 2013, og sidan han er sopass ung kan han styre rimeleg lenge. Om den nye ordninga kjem til å bli ståande, i ein stat med ein tradisjon for palasskupp, lange familiefeider og nabokonflikter, gjenstår likevel å sjå.

Litteraturliste

  • Commins, David (2012). The Gulf States. A Modern History. London: I.B.Tauris

  • Crystal, Jill (1990). Oil and politics in the Gulf: Rulers and Merchants in Kuwait and Qatar. Cambridge: Cambridge University Press

  • Crystal, Jill (2016). «Tribes and Patronage Networks in Qatar», i Uzi Rabi (red.) Tribes and States in the Changing Middle East. London: Hurst & Company

  • Fromherz, Allen J. (2012). Qatar – A Modern History. London: I.B.Tauris

 

Kven var eks-kong Ali?

Kven var eks-kong Ali?

Arabisk opprør sett frå Noreg

Arabisk opprør sett frå Noreg