Arabisk opprør sett frå Noreg

Arabisk opprør sett frå Noreg

En reisning blandt arabiske stammer, som har bemægtiget sig muhamedanernes hellige steder Mekka og Djidda, medens Medina beleires, antages her at faa stor virkning i Tyrkiet, da Tyrkiets tab af Mekka vil gjøre et dybt indtryk overalt i den ottomanske verden.
— Aftenposten, 23. juni 1916
Den 17de Mai, 23. juni 1916

Den 17de Mai, 23. juni 1916

Første verdskrig vart følgd nøye i norske aviser og mange av avisene trykte telegram om store og mindre nyhende. Det same gjeld for Det arabiske opprøret mot Det osmanske riket som starta tidleg i juni 1916. Her er eit lite knippe utklipp frå nokre kjende norske aviser i 1916 der dei rapporterar om opprøret med nokre påfølgjande analysar av situasjonen. Sjølv om opprøret sin startdato ofte er satt til 10. juni, so kom ikkje nyhenda til Noreg før eit par veker seinare. Første avis ut var Bergens Aftenblad, som meldte 22. juni 1916 om at «Arabien er tabt for Tyrkiet».

Først ute med nyhenda i Noreg var truleg Bergens Aftenblad, 22. juni 1916. Ein dag før dei andre.

Først ute med nyhenda i Noreg var truleg Bergens Aftenblad, 22. juni 1916. Ein dag før dei andre.

Aftenposten, 23. juni 1916

Meldingi i dei engelske bladi um at sheriffen i Mekka saman med ymse folkegreiner i Midarabia og Sudarabia skulde ha gjeve desse landsluterne sjølvstende, er lygn.
— Den 17de Mai, 30. juni 1916

Morgenbladet, 23. juni 1916.

Avisa Den 17de Mai har med tyske nyhende som ynskjer «aa koma med sanninga»  for å klare opp fransk-britisk propaganda, 29. juni 1916

Avisa Den 17de Mai har med tyske nyhende som ynskjer «aa koma med sanninga» for å klare opp fransk-britisk propaganda, 29. juli 1916

Bergens Tidende, 23. juni 1916.

Bergens Tidende, 23. juni 1916.

Men man maa ikke knytte altfor overdrevne Forventninger til disse Begivenheter.
— Morgenbladet, 23.6.1916
Det osmanske riket svarar om opprøret i Hijaz om at det heile er lygn, i Den 17de Mai, 30. juni 1916.

Det osmanske riket fortel at opprøret i Hijaz, som engelske aviser melder om, berre er lygn, i Den 17de Mai, 30. juni 1916.

Morgenbladet (Aften), 23. juni 1916

Bergens Tidende, 26. september 1916

Bergens Tidende, 26. september 1916

Dagbladet trykker på framsida si eit bilete av Mekka, «Opprørets by», 29. juni 1916

Dagbladet trykker på framsida si eit bilete av Mekka, «Opprørets by», 29. juni 1916

Medan det i hovudsak var rapportar frå telegram og frå andre aviser som var trykt i norske aviser, byrja det dukke opp analyser og kommentarar om nærliggande tema i juli. Den danske filologen og dåverande «midtaustenekspert», Johannes Østrup, kom med eit innlegg i to delar om «Araberne» i Bergens Tidende, 14.–15. juli.

Oprøret i Mekka har gjort Arabien aktuelt, og dette land, som i lange tider bare interesserte romantikere og opdagelsesreisende, er paa en gang blit en faktor i verdenskrigen, og det maaske endda ikke av de ringeste.
— Johannes Østrup, i Bergens Tidende, 14. juli 1916
Første del om «Araberne» av Johannes Østrup, dansk filolog og orientalist, i Bergens Tidende, 14. juli 1916.

Første del om «Araberne» av Johannes Østrup, dansk filolog og orientalist, i Bergens Tidende, 14. juli 1916.

Et selvstendig arabisk rike, maaske et kalifat i Mekka, som stod under britisk beskyttelse, vilde passe fortræffelig i den engelske politik, og løsrivelsen av Syrien og Mesopotamien fra det osmanniske rike vilde gi tyskernes høitflyvende forhaapninger i den nærmere Orient et dødsstøt!
— Johannes Østrup, i Bergens Tidende, 15. juli 1916

Andre del om «Araberne » i Bergens Tidende, 15. juli 1916.

Avisa Norske Intelligenssedler vidareformidla i september 1916 opprørserklæringa til sharif Husayn, emiren av Mekka. «Manifestet er avfattet i en rolig tone», står det i artikkelen. Den fortel òg at målet til Husayn er ikkje sultanen sjølv, men dei korrupte kuppmakarane som like før krigen hadde tatt makta i Det osmanske riket.

Norske Intelligenssedler, 24. september 1916

Norske Intelligenssedler, 24. september 1916

I avisa Den 17de Mai forsøkte dei seg på å gje lesarane ei oversikt over krigen til no, med fokus på «Islam og krigen», i oktober 1916.

Analyse i avisa Den 17de Mai, 4. oktober 1916.

Alle utklippa er henta frå Nasjonalbiblioteket


Teksten vart først publisert 28. juni 2017, men enkelte oppdateringar har vorte lagt til i juni 2021.

Emirar, kronprinsar og plagsom slekt i Qatar

Emirar, kronprinsar og plagsom slekt i Qatar

100 år med Sykes-Picot

100 år med Sykes-Picot