Solid «Ambassadors»

Solid «Ambassadors»

Ambassadors med David Mitchell og Robert Webb

Ambassadors med David Mitchell og Robert Webb

Livet er ikkje berre enkelt i den diplomatiske utkanten. Det britiske imperiet har sett sine betre dagar og den nye britiske ambassadør Keith Davis sukkar ironisk over at ein ikkje lenger kan sende ein kanonbåt for å løyse diplomatiske kriser. No må ein i staden passe å behage ein brutal og eigenrådig diktator dersom ein skal få gjennomslag for sakene sine. 

Ambassadors er eit britisk semirealistisk komediedrama i tre delar som handlar om britiske ambassadetilsette som strevar med å gjere sitt beste i Tazbekistan, eit bortgøymd og gløymd land i sentral-Asia. Ynska frå Whitehall går ut på å ha best mogleg kontakt med den som styrer landet, same kven det er. Hindringar i vegen er andre diplomatar, opprørsgrupper, menneskerettsforkjemparar, kultur og ikkje minst moral og etikk.

David Mitchell og Robert Webb, kjende frå Peep Show og That Mitchell and Webb Look, spelar hovudrollene som ambassadør Davis og viseambassadør Neil Tilly. Serien er skriven av James Wood og Rupert Walters.

Det er ein mykje meir vaksen serien enn det ein er vant med å sjå Mitchell og Webb i, men den lågmælte humoristiske tonen deira heng framleis att. Ambassadors er truverdig og realistisk nok som drama og akkurat passe morosamt og konfliktfylt som humor. Det er til tider noko surrealistisk, men det som skjer er ikkje for usannsynleg, noko som kan bli forklart med at serien bygger på historier frå britiske diplomatar.

Gode karakterar og tidsrett handling

Karakterane blir heller ikkje redusert til enkle stereotypiar eller idiotar, og ein sit att med eit inntrykk av at det er mykje meir ved desse karakterane enn det ein ser. Dette er ikkje berre eindimensjonal enkel moro (sjølv om ein har det òg, det er trass alt komedie).

Ein har valt å dikte opp sitt eige -stan, Tazbekistan[1], noko som eg ofte ikkje syns fungerer bra i mange andre filmar og seriar. Det fungerer derimot her fordi det viktigaste i serien er å skape eit inntrykk av å vere i eit framand, bortgøymd og kvenbryrseg-stan, samstundes som ein får større fridom til å dikte opp ei noko tettpakka historie.

Trass i at det berre er tre timeslage episodar klarar Ambassadors å ta opp mange tradisjonelle diplomatiske problem som passar i våre dagar. Alt frå våpenhandel og menneskerettar til vanskelege statsbesøk, spionasje og ei aldri so lita opprørsgruppe i nord. Nordmenn vil kanskje kjenne igjen problematikken kring fengsla statsborgarar og handlingsrommet til utanrikstenesta.

Det hadde ikkje vore ein britisk TV-serie om det ikkje vart gjort narr av franskmenn og/eller den britiske haldninga til franskmenn. Ambassadors skuffar heller ikkje her, og snik inn nokre stikk til franskmenn utan at det blir for mykje.

Eg tykkjer Ambassadors er eit solid stykke arbeid og håpar dette ikkje er det siste vi ser frå ambassaden i Tazbekistan.

Det er mogleg å kjøpe TV-serien på DVD på amazon.co.uk, play.com og liknande stadar.

Funfacts:

  • Yigal Naor, som spelar diktatoren Karzak, har tidlegare spelt Saddam Hussein i House of Saddam.
  • Alle soldatane i serien har ein eller annan for AG-3. Forklaringa på dette skuldast sannsynlegvis at delar av serien er filma i Bursa i Tyrkia der ein mellom anna har fått hjelp frå det tyrkiske militæret, som er utrusta med AG-3.

  1. Dette er likevel ikkje første gong dette landet dukkar opp på britisk fjernsyn. I 2009 var «Tazbekstan» (utan i) og «tazbekarar» del av handlinga i den åttande serien av Spooks.  ↩

Våpensmuglande fransk polygamist med jødisk sprit i Jemen

Våpensmuglande fransk polygamist med jødisk sprit i Jemen

Jødekaravane i Jemen

Jødekaravane i Jemen